I dag hadde eg tenkt å vakne opp som eit ekte fråhaldsmenesje
ja eit heilt ekta fråhaldsmenesje og ikkje noko fake.
Eit ekta fråhaldsmenesje vaknar alltid tidleg om morgonen
frisk og opplagt med nykjemma hår
nypussa tenner med Colgate fresh mint
eg veit ikkje kvifor det er alltid er fresh mint
det høres tøft ut synes eg
nei det er nok smaken av fresh mint
fråhaldsmenesjene likar best
Og så er eit ekte fråhaldsmenesje
alltid nybada når ein vaknar. Alltid.
Det er derfor eit ekte fråhaldsmenesje
alltid luktar godt om morgonen og.
Eit heilt ekte fråhaldsmenesje et berre sunn og frisk mat.
Ja, ja. Kanskje ein sjeiar ut med ein kopp kaffi etter frukost
då med møkje lettskumma mjølk oppi sjølvsagt.
Ser eit ekte fråhaldsmenesje at det kjem nokre halvfulle, oftast dritafulle
meir eller mindre kjente Odda-forfattarar mot seg
så snur dei heilt ekte fråhaldsmenesjene håvene andre vegen,
ikkje bare ein gong, men to gonger,
først til venstre og så til høgre.
Er du eit heilt ekte fråhaldsmenesje og ikkje noko fake
så blindar du igjen begge auga og.
Då tenker eg at dei andre seier; Ja - sjå på han.
Han er eit heilt ekte fråhaldsmenesje, ikkje noko fake
Han blinda igjen begge auga
og ikkje bare to av dei.