fredag 25. november 2011

Manageren våras


Til manageren   våras.                    Odda 09.11.2011
Me takkar så mykje me kan  for tilbod om spelejobben den 26.11.11.
Me må  diverre takka  nei, til det me har takka ja til,  for som vanleg er det ingenting som går på skinner i detta bandet. Det er ikkje ein gong togforbindelse  til austlandet, derfor må  knapt ein tredjedel, og vel så det av bandet ta bussen til  Notodda. Årsaka til dette er eit umenneskelig press  frå meir eller mindre habile gitaristar i heile Noregs land om å delta på gitarkappleiken i Notodda same helg  som du ordna med den ”drømmejobben” i  amfi teateret i Brekko. No i ettertid har det kome oss for øyra at det  var bare var mannlege lyarar der .Og DU som den drevne manageren du er burde vita at det  er ladies and daims som gjeld for dette bandet, Tom Cigar.
Me viser til raider av 03.04.2010  der det  går tydleg  fram kva krav me har til vått og tørt når me opptrer innaskjers i Noreg.   Vonar at denne vesle justeringa av bandet sine spele planar ikkje  har skapt store vanskar for deg ,  festen, og damene dine. Når dette er sagt ber me deg straks sette i gang arbeidet med å skaffe oss  fleire spelejobbar , der den kvinnelege  delen av lyare  er noko høgare  enn tilfelle var i Brekko.( Gjerne med  fleire 100%).

Med musikken i høgsete.
Helsing Tom Cigar og Tom Sigar.
Odda  19.02 2011


Kjære manager Kjell  Arne Moe.
 Eg vil med dette be om orsaking for at eg nok ein gong  har takka ja til ein spele jobb med Tom Cigar utan å rådføra  meg med deg,  Manager Kjell  Arne Moe. 
Dette er noko eg må ta skylda for heilt åleine ,den andre Tomen var på  arbeid og attpå til hadde han vakt og. Så når Stein Egil spurde meg om  Tom Cigar ville spela takkesongen til Svein på Årsmøte i Blueslaget Lokst utøve i dag, laurdag 19.02.11, svarte eg ja, ja utan heilt å tenke meg om, som vanleg.  Heilt i vanvare sa eg òg at me kunne spela, ikkje bare ein song ,men eg drista meg til å sei at me kunne ta to eller tre til.
Stein Egil  spurde meg meir enn ein gong om denne jobben skulle gå via deg, Manager Kjell Arne Moe. Nei  ikkje denne gongen, sa eg.  Dette er noko eg angrar bittert på no i ettertid.             
Nok ein gong vil eg be om orsaking for det ubehag denne hendinga  har påført deg og din familie.
Eg vonar du vil vara Manageren vår i framtida og, sjølv om eg ser det tar på.
                                                          


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar