søndag 19. februar 2012

Fråhaldsmenesje

                                    
I dag hadde eg tenkt å vakne opp som eit ekte fråhaldsmenesje
ja eit heilt ekta fråhaldsmenesje og ikkje noko fake. 
Eit ekta fråhaldsmenesje vaknar alltid tidleg om morgonen
frisk og  opplagt med nykjemma hår
nypussa  tenner med Colgate fresh mint  
 eg veit ikkje kvifor det er alltid er fresh mint 
det høres tøft ut synes eg
nei det er nok smaken av fresh mint
fråhaldsmenesjene likar best
Og så er eit ekte fråhaldsmenesje
alltid nybada når ein vaknar.  Alltid.
Det er derfor eit ekte fråhaldsmenesje
alltid luktar  godt om morgonen og.
Eit heilt ekte fråhaldsmenesje et berre sunn og  frisk mat.
Ja, ja. Kanskje ein sjeiar ut med ein kopp kaffi etter frukost
då med møkje lettskumma mjølk oppi  sjølvsagt.
 Ser eit ekte fråhaldsmenesje at det kjem nokre halvfulle, oftast dritafulle
meir eller mindre kjente Odda-forfattarar mot seg 
 så snur dei heilt ekte  fråhaldsmenesjene håvene  andre vegen,
ikkje bare ein gong, men to gonger,
først til venstre og så til høgre.
Er du eit heilt ekte fråhaldsmenesje og ikkje noko fake 
så blindar du igjen begge auga og. 

Då tenker eg at dei  andre seier; Ja - sjå på han.
 Han er eit heilt ekte fråhaldsmenesje, ikkje  noko fake
Han blinda  igjen begge auga  
og  ikkje bare to av dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar