søndag 19. februar 2012

Fråhaldsmenesje

                                    
I dag hadde eg tenkt å vakne opp som eit ekte fråhaldsmenesje
ja eit heilt ekta fråhaldsmenesje og ikkje noko fake. 
Eit ekta fråhaldsmenesje vaknar alltid tidleg om morgonen
frisk og  opplagt med nykjemma hår
nypussa  tenner med Colgate fresh mint  
 eg veit ikkje kvifor det er alltid er fresh mint 
det høres tøft ut synes eg
nei det er nok smaken av fresh mint
fråhaldsmenesjene likar best
Og så er eit ekte fråhaldsmenesje
alltid nybada når ein vaknar.  Alltid.
Det er derfor eit ekte fråhaldsmenesje
alltid luktar  godt om morgonen og.
Eit heilt ekte fråhaldsmenesje et berre sunn og  frisk mat.
Ja, ja. Kanskje ein sjeiar ut med ein kopp kaffi etter frukost
då med møkje lettskumma mjølk oppi  sjølvsagt.
 Ser eit ekte fråhaldsmenesje at det kjem nokre halvfulle, oftast dritafulle
meir eller mindre kjente Odda-forfattarar mot seg 
 så snur dei heilt ekte  fråhaldsmenesjene håvene  andre vegen,
ikkje bare ein gong, men to gonger,
først til venstre og så til høgre.
Er du eit heilt ekte fråhaldsmenesje og ikkje noko fake 
så blindar du igjen begge auga og. 

Då tenker eg at dei  andre seier; Ja - sjå på han.
 Han er eit heilt ekte fråhaldsmenesje, ikkje  noko fake
Han blinda  igjen begge auga  
og  ikkje bare to av dei.

søndag 5. februar 2012

Til Wenche


Det er dei mørke tonane  på klarinetten
du hører :
Når  du er  fed up
Når du er glad
Når du er lei deg
Når  du ser inn mot odda
Når du ser på sjøen
Når du er trist
Når du vil være aleine

Det er dei mørke tonane på klarinetten som er dei lysaste  
Når du ser på han du glad i
Når du ser  på kjæresten din
Når du ser på elskaren din
Når du ser på han du vil gifta deg med

Det er dei mørke tonane på klarinetten
som er blues.


søndag 29. januar 2012

Damo mi


Damo mi er
passelig rotete  passelig ryddig
passelig rund   passelig søt  passelig våt
 passelig lav  passelig sur   og  passelig kåt
 passelig sterk  passelig svak  passelig gal
 passelig høg  og  passelig normal
passelig kvit  passelig rød  passelig blå
passelig svart og passelig rå
passelig lat   passelig frekk   passelig salt
 passelig lur passelig blid  og  passelig av alt
 og haile haile tida  hailt passelig bare min.