Til manageren våras. Odda 09.11.2011
Me takkar så mykje me kan for tilbod om spelejobben den 26.11.11.
Me må diverre takka nei, til det me har takka ja til, for som vanleg er det ingenting som går på skinner i detta bandet. Det er ikkje ein gong togforbindelse til austlandet, derfor må knapt ein tredjedel, og vel så det av bandet ta bussen til Notodda. Årsaka til dette er eit umenneskelig press frå meir eller mindre habile gitaristar i heile Noregs land om å delta på gitarkappleiken i Notodda same helg som du ordna med den ”drømmejobben” i amfi teateret i Brekko. No i ettertid har det kome oss for øyra at det var bare var mannlege lyarar der .Og DU som den drevne manageren du er burde vita at det er ladies and daims som gjeld for dette bandet, Tom Cigar.
Me viser til raider av 03.04.2010 der det går tydleg fram kva krav me har til vått og tørt når me opptrer innaskjers i Noreg. Vonar at denne vesle justeringa av bandet sine spele planar ikkje har skapt store vanskar for deg , festen, og damene dine. Når dette er sagt ber me deg straks sette i gang arbeidet med å skaffe oss fleire spelejobbar , der den kvinnelege delen av lyare er noko høgare enn tilfelle var i Brekko.( Gjerne med fleire 100%).
Med musikken i høgsete.
Helsing Tom Cigar og Tom Sigar.
Odda 19.02 2011
Kjære manager Kjell Arne Moe.
Eg vil med dette be om orsaking for at eg nok ein gong har takka ja til ein spele jobb med Tom Cigar utan å rådføra meg med deg, Manager Kjell Arne Moe.
Dette er noko eg må ta skylda for heilt åleine ,den andre Tomen var på arbeid og attpå til hadde han vakt og. Så når Stein Egil spurde meg om Tom Cigar ville spela takkesongen til Svein på Årsmøte i Blueslaget Lokst utøve i dag, laurdag 19.02.11, svarte eg ja, ja utan heilt å tenke meg om, som vanleg. Heilt i vanvare sa eg òg at me kunne spela, ikkje bare ein song ,men eg drista meg til å sei at me kunne ta to eller tre til.
Stein Egil spurde meg meir enn ein gong om denne jobben skulle gå via deg, Manager Kjell Arne Moe. Nei ikkje denne gongen, sa eg. Dette er noko eg angrar bittert på no i ettertid.
Nok ein gong vil eg be om orsaking for det ubehag denne hendinga har påført deg og din familie.
Eg vonar du vil vara Manageren vår i framtida og, sjølv om eg ser det tar på.