tirsdag 23. august 2011

Luftgitar

        Årsaka til eit beinbrot kan væra så mange . Alle trur  jo at nordmenn er fødde  med ski på beina, men det er  ikkje sant .   Det er ingen som er født verken med glasfiberski eller treski  ,at nokon seinare i livet har fått høyra at dei er født med  ein treskalle er noko heilt anna. Sjølv om det ofte kan dokumenterast.  Noko anna  som  ikkje kan dokumenterast , eller du og kan  seie det slik ” du kan  ikkje motbevisa det”. Alle nordmenn er født med ein luftgitar mellom  hendene.
Kva  har det med beinbrot å gjera, ja for å sjå på dette beinbrotet eg tenker på her  må vi gå tilbake til Dallas i Texas .   Det var januar 1954  at  Jim og Martha Vaughan  satt rundt kjøkkenbordet  og åt middag med  sonen deira  som heitte Jimmie , han var oppkalla  etter bestefar til Martha som heitte Sondre , han kom frå Morgedal i Noreg . Martha  hadde høyrd  at nordmenn  var fødde med ski på beina, men ho trudde ikkje heilt  på det . Det var ikkje bare Martha som hadde slekt i Noreg, Jim Vaughan  hadde og  det , farbror hans hadde flytta til Noreg  rett etter krigen  han dreiv fiskehandel i Odda , han kalla seg  Vågen,  Sigvald Vågen. Vågen uten h.  
  Jimmie maste om  kvifor han ikkje hadde fått nokon søsken, det var noko han gjorde kvar gong dei sat ved bordet og åt, ja aller helst ville han ha seg ein bror. Jim og Martha såg på kvarandre  , Jim blei kalla Big Jim . Grunnen til det  er noko uklar , men det kan ha noko med størrelsen på ein kroppsdel  som eg ikkje vil komma  inn  på her . For Martha kom innpå den kroppsdelen noko seinare den kvelden .  3.oktober  1954 blei Jimmie Vaughan storebror. Då skjønar  vel  alle nokolunde  oppegåande  vaksne kva for  ein  kroppsdel  det var  snakk om ,og då treng ein ikkje komma inn på den meir. Bror til Jimmie  fekk namnet  Stephen Vaughan, han tok seinare  artistnamnet  Steve Ray Vaughan.   Jimmie  og Steve   blei to av dei beste gitaristane i verda  , Steve Ray Vaughan   døde i eit helikopterkrasj i 1990 nær 35 år.  Han blei då eit ikon for alle luftgitaristar, også  for dei   nordmenn som var fødd med ein luftgitar mellom hendene. Så grunnen til til det omtalte beinbrotet på blueslokalet fredag 3.desember 2010 var ikkje at ,Tone var på feil plass , ikkje at Johan  spela  luftgitar med  ei  ekte innleving  som ein ekte  luftgitarist skal gjera, ikkje at  Øyvind og Stein Egil som spela luftrytme gitar i bakgrunnen, ikkje at Ivar ikkje  hadde fått opp sin, luftgitar,  ikkje at det var Vidar som  sette på CD`en  med Steve Ray Vaughan, men det var Jimmie Vaughan  som fekk viljen sin ved  kjøkkenbordet  ein  januardag  i 1954.  Jimmie Vaughan du er ein sjuk  sjuk  sjuk jævel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar