Hei Elin.
I går så kjøpte eg den nya plato til Ry Cooder, ”Pull up some dust and sit down”
For ei fantastisk plata, og den tøffaste tittelen eg nokon gong har hørt.
“Pull up some dust and sit down”, det passe godt å si til de som komme på besøk til deg, det.
Viste du Elin at Ry Cooder fekk namnet Ry Cooder etter han hadde sommarjobb i Kråkevik på garden til bestefar til Ingunn, ho som er gift med Håvard, du veit han på Bilskaden. Dette var tidleg på 60 talet. Allereie då var Ry ein habil gitarist, og han hadde ry på seg for å vara ein god låtskrivar, óg. I Kråkevik hadde dei ikkje hest, men Egil, det var det bestefar til Ingunn heitte, du veit kem ho er? Ho som er gift med Håvard, han som jobbe med Ragnar ned på Bilskaden. Men Egil hadde ei ku, altså ei kyr som hadde ry på seg for å væra rolig som ein hest når nokon rei på ho. Det var det Ry gjorde, han heitte ikkje Ry den gang, det er ingen som husker kva han heitte før han kom til Kråkevik. Vi kan jo bare kalla han Ry med ein gong, for liksom å halda orden på det. For når Ry rei på kua som hadde ry på seg medan han spelte gitar og song så sa folk: Kem er det som synge så fint? Det er han som rei på ku der, svara Egil stolt. Det var sånn Ry Cooder fekk namnet, Rei Kuder, som Egil kalla han.
Dei ville ikkje væra dårligare på andre sida av fjorden , der hadde dei ein engelskmann som dei kalla Johannes. Det var fordi han var så lik på Torstein, Torstein var sonen til gamle Torstein, det var han som oppfant Torstein epla, men det var altså Torstein, sonen til gamle Torstein Johannes likna på. No har Håvard, han som er gift med barnebarnet til Egil Kråkevik, ein bror som heiter Torstein, men det er best å ikkje blande han inn i dette. Det er visst gale nok som det er. Johannes var óg ein god gitarist, for når han øvde på den elektriske gitaren sin kunne dei høyra han heilt ”øve på hi sio. ”
Han vart seinare kjent som Jimmie Page.
Detta her visste du sikkert ikkje Elin, at dei kjente gitaristane hadde sommarjobb på kvar si sida av Sørfjorden.
Vidar
Hei Vidar.
Når var du sist hos meg, om eg tør spørra? Bare for å informera deg, kan eg si det at eg har vaska huset opp til fleire gangar det sista året, så det er langt mellom dottane oppe hos meg.
Når det gjelder fortellinga di, var dette heilt nytt for meg. Eg har hørt at ein aller anna fiskebutikk i Odda var i slekt med Stevie Ray Vaughan, men det er heilt ubekrefta. Eg trur det var Lars som sa det.
Hallo Elin.
Apropos dottar. Det er langt mellom at de e innom oppe på Ragde, og.